Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘tysk’

I haust blei strikkeveninna 40 år. I den anledning fann eg ut at eg skulle sy ho ei flott veske. Eg og Snella spleisa på gåva som var veska fylt med masse saker for egenpleie og velbehag.

Litt å kose seg med

Litt å kose seg med

Snella strikka sitteunderlag, og elles i veska var det blant anna ein flott krus, deilig te, duftlys, sjokolade, Rotkäppchen og ei sammenleggbar reisestrikkekorg.

Mønsteret på veska kjøpte eg av Noodlehead, og den heiter Super Tote. Det var viktig at veska var stor nok til å romme A4 sånn at den kan brukast til det meste. Eg har ikkje så mykje erfaring med å sy vesker, dei få eg har sydd har vore svært enkle og eg har gjerne gått på kurs då eg sydde dei. På eit par punkt i mønsteret var eg litt usikker på kva eg skulle gjere, men eg trur eg fann ut av det. Eg blei iallefall fornøgd med veska til slutt.

2013-11-09

Om eg ein gong skulle få litt ekstra god tid har eg lyst til å sy fleire, for denne veska blei kjempefin. Ganske mykje arbeid og litt frustrasjon innimellom, men vel verdt det når den var ferdig.

Super Tote

Super Tote

Eg har sydd veska i svart kordfløyel kjøpt på Stoff og Stil. Panelet på framsida er eit stoff kjøpt på Åhlens for nokre år sidan og stoffet til fôr er så gammalt at eg ikkje husker kor eg kjøpte det. Det er eit heilt vanleg tynt bomullsstoff som ein får på dei fleste butikkar som har stoff i metervare. For å få veska litt stabil har alle delane påstrøke vliselin på baksida.

 

Nøstet –

Read Full Post »

Snellefamilien er på tur i sitt kjære Førjulsberlin. Denne gongen har vi utført ein uformell test av Feuerzangenbowle (Eldtongpunsj) på ulike julemarknader. Punsjen har litt sitrussmak, og derfor likar eg god Feuerzangenbowle betre enn Glühwein. Både drikken og kultfilmen har eg skrive om i dette innlegget, og her finn du òg oppskrift.

.

Dreherfanpage - ildtangpunsj, ildtangspuns, eldtongspunsj

Panelet har bestått av Snella, Herr Fiks, svigermor og svigerfar. Fikslein har testa julekakene som blir servert til drikken.

Vi har vore på julemarknadene på Alex(anderplatz), Gendarmenmarkt, Potsdamer Platz, ved Gedächtniskirche på Ku’Damm, ved Schloss Charlottenburg og i Moabit.

Konklusjonen var samrøystes:  Den einaste plassen å få skikkeleg god og varm punsj laga på skikkeleg vis, er hos familien Dreher-Vespermann ved foten av Gedächtniskirche. Dei finaste krusa har dei òg. Dei fleste andre serverer lunka Feuerzangenbowle frå kartong. Spekulasjekakene, som alle kan forsyne seg av hos Dreher-Vespermann, fall i smak hos det vesle sjarmtrollet vårt.

Det same sjarmtrollet har dessverre sletta bileta eg tok, og då eg leita på nettet, fann eg jammen ei nettside for favorittpunsjen vår. Biletet har eg lånt frå denne sida.

tipsBerlintips: I Tyskland får du som regel skikkelege glas og krus når du kjøper drikke frå boder. For desse må du vanlegvis betale pant, som du får att når du leverer glasa/krusa tilbake.

Snella

Read Full Post »

Kvar sommar tar Snellefamilien ein ferie i Berlin-ferien og reiser til Østersjøen der vi nyt strendene på Tysklands største og vakraste øy, Rügen. I år gjekk turen til Binz, som er ein av dei største byane og har mange tilbod for alle uansett livsfase. Vi hadde strålande sommarvêr, så det meste av tida kosa vi oss i ei strandkorg, som er så typisk for tyske strender.

Sommar på Rügen.

Strendene er flotte, det er borgarleg pent, folk er blide, maten er god (mmmh, eg drøymer alltid om den fantastiske røykte fisken resten av året), og det er rimeleg å bu der enten du vel hotell eller leiligheit. Det er kort veg å køyre frå Kiel, og frå Trelleborg til Rügen er det berre tre timar med ferje. Likevel møter vi sjeldan andre nordmenn på denne ferieperla. Her er altså eit godt ferietips.

Villa Haiderose på strandpromenaden i Binz

Villa Haiderose på strandpromenaden i Binz

.

Rügen har alltid vore eit ferieparadis, sjølv om det òg er mykje vondt i historia frå førre århundre. Under andre verdskrigen og i DDR-tida var øya for dei som hadde gjort seg fortent til ein ferie ved sjøen, og det kjennes litt rart å sjå Hitlers galskapsprosjekt i Prora bli gjort om til lekre sommarleiligheiter for dei som har råd.

.

Kreidefelsen auf Rügen av Caspar  David Friedrich (Lånt frå Wikipedia)

Kreidefelsen auf Rügen av Caspar David Friedrich (Lånt frå Wikipedia)

.

Er du germanist, kan det hende du fekk overdose av Rügens store son, Caspar David Friedrich. Mellom fleire er måleriet «Kreidefelsen auf Rügen» iallfall standardpensum. Krittklippene er uansett flotte og verd eit besøk.

Her er fleire glimt frå sommaren i Binz. Kanskje vi sest der neste år?

Villa Glückspilz på strandpromenaden i Binz

Villa Glückspilz på strandpromenaden i Binz

Velpleide hagar og fuglehuskunst på strandpromenaden i Binz, Rügen

Velpleide hagar og fuglehuskunst på strandpromenaden i Binz, Rügen

Strandkorger ved Østersjøen

Strandkorger ved Østersjøen

Strandkorger i Binz

Strandkorger i Binz

Strandkorb und Seebrücke Binz

Seebrücke i Binz

Kjekt å vite: Rügen er rekna som eit kurområde, og derfor betaler alle gjester ein «kurskatt» som går til å halde området reint og pent. Hotellet eller hytteutleigar sel kurkort, som er «billetten» din til strendene. Er du på dagstur, finst det billettautomatar.

Snella

Read Full Post »

Himlen høg og verda stor
der på trappa vinkar mor
Første skuledagen min,
ikkje rart at sola skin

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Kjolen min er himmelblå
med ei raude marihøne på

Ingebrikt David

Tysk tradisjon tru er kremmarhusa klare og overlevert dei fire skjønne små store jentene eg kjenner, som har første skuledagen sin i dag.

*

Kremmarhus til første skuledag

Kremmarhus til første skuledag

*

I år gir eg vekk to store kremmarhus til fadderbarn og dottera til ei nær veninne. Døtrene til to kjære kollegaer med tysklandsinteresse får litt mindre kremmarhus. I årets Schultüter er det globusblyantkvessar, sjal, papirsaks, notisbok med penn, klistremerker, stav som lyser i mørket, ein diger prinsesseblyant med kvessar, digre ballongar, hårpynt og eit smykke. Før var det alltid snop i skulekremmarhusa, men det styrer eg unna i våre oversukra dagar. Desse jentene er uansett kjempesøte.

*

Innhaldet i årets skulekremmarhus

Innhaldet i årets skulekremmarhus

*

Gratulerer med dagen, kjære Rebecca, Johanne, Ingebjørg og Anna! Eg ønskjer dykk alt godt for skuleløpet og framtida.

Oppdatering mai 2014: Og no vil visst norske bokhandlarar innføre tradisjonen til Noreg. Skoletut, kallar dei det.

Snella

Read Full Post »

Snellas Servus - im Stadt und LandDet var tredje helga i advent, og snellefamilien var på førjulstur til Berlin med sine koselege julemarknader og gode feuerzangenbowle. Eg ville unne meg eit hyggeleg magasin og stilte meg framfor den velfylte bladhylla på Tegel (flyplassen).

Frå eitt blad lyste ein überkoseleg juledekorasjon med to stearinlys imot meg på matt kvalitetspapir. «Servus in Stadt und Land» stod det på framsida, og slagordet «einfach gut leben». Eg gjekk dermed ut frå at det handla om det gode liv (ev. om det gode og enkle liv) i byen og på landet.

Hovudoverskrifta lova lun lesnad om «daheim im Kerzenschein» (noko slikt som «heime i skinet frå stearinlys».) Framsida lova oppskrift på heimelaga Christstollen (tradisjonell tysk julekake) og ein artikkel om den vakkert vinterkledde haren i Bayern. Perfekt!

Burde eg ha skjønt det der? Ja, definitivt. Servus er jo helsinga Harry Klein alltid brukte. Og den skjønne haren bur i Bayern. På den andre sida, kvifor skulle den ikkje bu nettopp der?

Godt oppi sofaen med glühwein i hand og bladet i fang begynte det omsider å demre. Innhaldslista lova nemleg artiklar som
– Von Zapfen und Zweigerln
– Die Buttnmandl sind los
– Ätschibätsch eine Hetschepetsch

Hm. Eg blar vidare. Redaktøren heiter Christl, ja.
Pfandl, Sackerl, Engerl. Dobbelthm. Litt sit då att frå «Deutsche dialektkunde». Når i overkant mange substantiv sluttar på l, vitnar det om språk ført i tastaturet langt sør i det tyskspråklege området.

Det er jo eit lokalblad frå og for Bayern og Austerrike (og kanskje Sveits)! Servus er nesten som blada lokalhistorielaga gir ut her heime, med lokale juletradisjonar, gamle soger og segn, intervju med tradisjonsrike familiebedrifter som kjelkemakaren, orgelbyggjaren og han som lagar juletrepynthestar (Rössl, så klart). Til og med annonsane ser ut som dei gjer i programhefta for historiske spel her på berget.

Jul i Bayern. Biletet er lånt frå www.haidmuehler-hof.de/Og bladet stod der midt mellom alle dei kommersielle interiørmagasina. Servus er sjølvsagt òg kommersielt og har ein kjempestor marknad der sør. Likevel kjente eg meg invitert inn i eit hjartevarmt, men lukka lag. «Ätschibätsch eine Hetschepetsch» handla om nyper og korleis ein kan bruke denne c-vitaminrike frukta. Haren frå framsida viste seg å ha flytta til Bayern frå nordlege breiddegrader under siste istid. No held den seg i fjella. Overskrifta? Der Hase, der aus der Kälte kam («haren som kom inn fra kulden»). Fantastisk!

Nesten alle overskriftene pirrar leselysta. Mellom anna denne på ein dialekt frå lengst aust i Bayern: «Mir san von Woid dahoam». Her kunne jammen norske blad hatt noko å lære! Eg synest tekstane i norske blad alltid er så like – kva med å sprite dei opp med nokre solide dialektuttrykk som passar til reportasjen? Det er viktig å ta vare på dialektmangfaldet vårt. Om ein er redd andre ikkje skal forstå, går det an å forklare.

Dette var ei koseleg lesestund. Servus er eit lekkert blad, og definitivt horisontutvidande for ei intetanande snelle aus Norwegen. Kanskje blir det nypemarmelade neste år.

Read Full Post »

Herlege september og omsider federweißertid i Tyskland. Når den nye vinen kjem, er det gnistrande haust – den beste tida på året!

Det er ingen tvil om at vinen er eit kjært barn, for den har minst ti ulike namn. Federweißer (direkte omsett: fjørkvit) er kanskje det som er mest brukt, og det namnet viser til den litt grumsete fargen vinen får fordi gjæringsprosessen er stoppa og vinen ikkje er filtrert.

Gjæringa held fram etter at vinen er tappa på flasker, og derfor er korken ikkje tett. Det er greitt å hugse på, for det kan fort blir veldig pinleg om ein til dømes har kjøpt ei flaske i Cochem i Moseldalen og legg flaska i hattehylla på toget til Trier – reint hypotetisk, altså *host*.

Til den friske og priklande federweißeren smakar det himmelsk med eit stort stykke zwiebelkuchen, som er ein slags pai med gjærdeig og løk- og baconfyll.

Eg brukar oppskrifta frå Brigitte og har tilpassa den litt slik:

Deig:
500 g mjøl
3 dl mjølk
½ pakke tørrgjær
60 g smør
litt salt

Lag deig og la heve.

Fyll:
1,2 kg raudløk
200 g bacon eller flesk
1 beger sæterrømme eller crème fraîche
4 egg
salt
muskat
karve (om du likar det …)
nykverna pepar

Skjer løk i ringar eller bitar og baconet i terningar. Fres baconet, ha i løk og steik til løken blir blank. La koldne litt.

Rør saman egg, rømme og krydder og ha i bacon- og løkblandinga. Klapp ut deiga i ei stor paiform (eller på bakepapir) og spre fyllet i paiskalet. Steik i 25 minutt på 200 grader.

Beina på balkongkanten, låg haustsol og komplett lukke på ein av desse dagane som kom og gjekk, og som er sjølve livet.

Snella

Read Full Post »

Snella oppgraderer! I sommar viste Tchibo meg at ein ikkje kan leve utan ei samanleggbar strikkekorg. No blir det stil over hytteturane!

Fine, fine Tchibo! Opprinneleg ein kaffikjede, no også sterkt vanedannande butikk med nytt tema og nye produkt kvar einaste veke – «Jede Woche eine neue Welt» er mottoet.

Ufrelste kan plasserast trygt på ein kafestol med ein nydeleg kopp kaffi medan vi som har skjønt det, sig sakte forbi dei freistande hyllene med alt frå strandkjolar, søte klesklyper, baderomsting, interiørbøker, lyslykter, sokkar og altså små strikkekorger. 2000 produkt utviklar Tchibo i året. Butikkane finn du over heile Tyskland – og utvalde produkt i eigne tchibohyller i større matbutikkar.

Berlintips: I Kantstrasse i Berlin (parallellgate til Ku’Damm) ligg eit utsal med eldre produkt og lågare prisar.

.

Prosjektet i korga? Det er den «pippimønstra» strikkejakka «Catherine» frå Garnstudio. Tenkt til gufsne haustkveldar om den blir ferdig. Det er jo så mange andre prosjekt som òg må sluttførast.

Snella

Ps: Catherine blei ferdig!

Read Full Post »

Schultüte eller Zuckertüte (direkte omsett: skulepose) er eit stort kremmarhus (kjegle) fylt med leikar, skulesaker og kanskje litt snop som nybakte elevar i Tyskland og Austerrike får første skuledag. Kremmarhuset skal gjere den spennande og kanskje litt skumle første skuledagen litt lettare. Tradisjonen begynte i Thüringen tidleg på 1800-talet og spreidde seg raskt.

Dette er ein koseleg tradisjon, synest eg, så alle førsteklassingar eg kjenner får schultüte. Mange lagar sjølve, og det finst handarbeidsbøker og eigne kurs. Så langt må eg innrømme at eg har kjøpt dei ferdig, men det er lett å bli inspirert av alle dei flotte, heimelaga schültütene rundtom på tyske bloggar, gjerne med matchande kjole som her:

Det finst mange gjer-det-sjølv-sider på nettet, mellom anna denne.

I år kjenner eg tre yndige små som skal begynne på skulen – og ei litt større som skal begynne på lærarskulen. Ho får sjølvsagt den vesle vampyren og litt vaksnare innhald: miniflaske Rotkäppchen, handkrem og smykke i tillegg til pennar og viskelær osv.

Årets schultüter frå snelleheimen:

Og med det ønskjer eg alle nye elevar – uansett nivå – lukke til!

Oppdatering mai 2014: Og no vil visst norske bokhandlarar innføre tradisjonen til Noreg. Skoletut, kallar dei det.

Snella

Read Full Post »

Über allen Gipfeln
ist Ruh
in allen Wipfeln
spührest Du
kaum einen Hauch
die Vögelein schweigen im Walde
warte nur balde
ruhest Du auch

Goethes uendeleg vakre dikt Ein Gleiches (Wanderers Nachtlied II) kan brukast til meditasjon. Sjølv ikkje tysk grunnfag med gjennomanalysering klarte å knekke gleda mi ved dette diktet.

Det finst mange omsetjingar til norsk, men aller vakrast er gjendiktinga til den eineståande Hartvig Kiran:

Over alle tindar
er ro
Og alle vindar høyrest no
knapt som eit sòg
Småfuglen blundar så varleg
Vente no! Snarleg
kviler du òg

Eg har planlagt å måle Ein Gleiches på kjøkenveggen i Berlin ­– med illustrasjonar. Eg begynte med illustrasjonane. Så langt har eg komme til tindane det ligg ro over:

Og den tagnande/blundande småfuglen:

Det kan hende prosjektet ikkje blir fullført på lang tid, for jammen har det ikkje snike seg inn ei preposisjonsrekke på kjøkenveggen:

Snella

Read Full Post »

"Eldtongpunsj" Foto: Bertold Fabricius/Pressebild.deFeuerzangenbowle (eldtongpunsj) er  ein type punsj som passar å servere i advent og til nyttår. Punsjen har lange tradisjonar og ser spektakulær ut der sukkeret dramatisk brenn og smeltar under blå, dansande flammar. Drikken har lange tradisjonar, og filmen «Die Feuerzangenbowle» frå 1944 har kultstatus i Tyskland.

Namnet Feuerzangenbowle  kjem av at ein opphavleg brukte ei eldtang til det brennande sukkeret. No finst det eigne stativ og eigne sukkerkjegler til formålet.

Det finst mange ulike oppskrifter og lokale variantar. Eg har lært å bruke:

  • 2 liter raudvin
  • nellikspiker
  • kanelstang
  • stjerneanis
  • 2 appelsiner i skiver
  • 2 sitronar i skiver
  • 1 flaske brun rom med minst 54 % alkohol (helst 80, men 60 % alkohol er jo det sterkaste som er lov her til lands)
  • sukkerkjegle (Det får ein kjøpt i alle tyske matbutikkar før jul. Har du ikkje, kan du samle 250 g sukkerbitar i ein haug)

Varm opp vin, krydder og frukt til rett før kokepunktet. (Om du er av den velorganiserte typen, kan du la appelsin- og sitronskivene trekke i romen i eit par veker før den store feuerzangenbowledagen.) Plasser på eit varmeelement. Plasser sukkerkjegla på stativet sitt. Det ser sjølvsagt ikkje like fancy ut, men sidan eg ikkje har kjøpt slikt spesialutstyr, brukar eg ei vanleg rist over panna. Aus rikeleg med rom over sukkerkjegla. Så kjem høgdepunktet. Demp lyset og tenn på sukkeret. Blå flammar dansar og smelta, brent sukker dryp ned i vinen. Hald fram med å ause rom over sukkeret til alt er smelta ned i vinen. Ikkje tøm rom rett frå flaska etter at du har tent på, men bruk ei ause!

Server helst med behanska hand og i klassiske punsjglas.

Kultfilmen

Frå filmen "Die Feuerzangenbowle" (1944)Filmen Die Feuerzangenbowle frå 1944 er basert på ein roman av Heinrich Spoerl. Kort oppsummert: Eit gemytteleg og distingvert herrelag er samla rundt feuerzangenbowleskåla  og mimrar om dei gode, gamle skuledagane. Ein av herrane, den kjende forfattaren Johannes Pfeiffer (Heinz Rühmann), hadde huslærar og har ikkje opplevd slik moro. Varme i toppen er alle samde om at han må få tatt det igjen. Som tenkt, så gjort. Pfeiffer kler seg ut som ein unggut (godt gjort av ein mann på 42!) og har det riktig så moro på skulen, der han finn på dei sprøaste strekar og peik

Før jul vert filmen vist på studentkinoar over heile Tyskland, og mange ritual følgjer med. Som ung studine i Tyskland fekk eg offisiell invitasjon til ein klassisk kveld og beskjed om å ha med lommelykt og ei gammaldags skramlevekkarklokke. Kvar gong klokka i filmen ringer, skulle eg la klokka mi ringe med. Lommelykta skulle eg hente fram i scena der hovudpersonen brukar klokka si til å reflektere sollys.

Før filmen var det feuerzangenbowlelag med kleskode «kjole og kvitt» (til nød smoking eller mørk dress). Det betyr lange kjolar for damene og lange hanskar, så klart. Ustyrteleg artig var det.

Snella

Read Full Post »

Older Posts »