Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Berlin’

Veninna mi som er like glad i Berlin som eg, fylte nettopp 40 år. Det var ingen tvil om kva ho måtte få: eit sitteunderlag med Ampelmänner, både Steher og Geher, til å ha i parken når ho skal sitte og strikke medan ungane spring rundt.

Det tova sitteunderlaget med kattar i Létt Lopi vart veldig vellukka, så eg tok utgangspunkt i det. Og på garnlageret låg dei tre platene med Plötulopi (plate-Lopi), kjøpt på Álafossutsalet fordi dei var artige og hadde fine fargar, og ropte.

*

Plötulopi frå Island*

Plötulopigarnet er uspunne og temmeleg vanskeleg å strikke med, for det slitnar heile tida. Hadde eg vore god med rokken, hadde eg kanskje spunne det. Men det gjekk på eit vis, og det tova godt. Nesten for godt.

*

Tova sitteunderlag i Lopi-garn

*

Mønsteret på raud og grøn mann teikna eg opp etter beste evne på rutepapir. Nokon burde verkeleg lage rutepapir som gjengir forholdet mellom høgde og breidde på ei strikkamaske rett! Med kvadratiske ruter er det iallfall viktig å hugse på at mønsteret kjem til å bli litt høgare og smalare.

*

Tova sitteunderlag med ampelmann

*

Eg brukte pinne 6 og la opp 90 masker. Dei mørkegrøne stripene er i rillestrikk for at det skal bli like tjukt som der det er mønsterstrikk. Eg vaska underlaget saman med eit handkle på 40 grader sidan det fungerte så fint med Létt Lopi-garnet. Det vart i varmaste laget for Plötulopi, eller så var det sentrifugeringa som vart for hard. Vi måtte iallfall vere to personar til å hale og dra for å redde sitteunderlaget. Framleis vart det bittelitt mindre enn eg hadde tenkt (akkurat like stort som det som følgjer med Fjällreven Kånken-sekken, faktisk). Til gjengjeld er det ekstra tjukt, og mottakaren er smal over baken.

Snella

Read Full Post »

Biletet er lånt frå www.fem.de Fikslein blir storebror i september, så påska i Berlin måtte brukast til litt garderobefornying! Sist var det vinterklede eg hadde bruk for, og no er det sommartøy. Skal du handle mammatøy i Tyskland, ser du etter «Umstandsmode». Det er eit koseleg ord, som minner meg om fordums språkbruk her i landet – svigermormor snakkar om at ho aldri sydde seg «omstendighetskjole» då ho var gravid i 1940-åra.

IdéHar du same ærend i Berlin, kan du først legge turen til Bellybutton (Kurfürstendamm 216). Eg kan spesielt anbefale dongeribuksene der – kjempegod kvalitet, godt snitt og rause storleikar som gjer vordande mødre i godt humør. Eg er ein typisk str. 38 og brukar 36 eller 34 i bellybuttonbukser. Det er tydeleg at butikkonseptet er utvikla og blir drive av ekte mødre!

Det er altså ein fin stad å handle basisplagg. Sist investerte eg i ei dongeribukse, ei svart penbukse, eit svart skjørt og ein lekker grøn silkebluse. Alt vart flittig brukt og skal hentast fram igjen. Denne gongen kom eg ut med ei lys dongeribukse og ein kvit topp (og litt barnetøy til Fikslein).

Når basisplagga er på plass, kan du tusle litt nedover Ku’damm til C&A. Joda, C&A er også kjent som «cheap and awful», men awfulbiten er no sterkt overdriven, synest eg. Hos C&A finn du ein innhaldsrik krok med mammaklede av merket «Yessica». Her plukka eg med meg søte toppar og blusar til ein rimeleg penge. Til og med mammabadetøy i himmelblått med kvite prikkar fann eg der. Yessicaplagga frå forrige svangeskap er framleis fine, og dei som ikkje er for vintertunge, får nok sjå vårsola i år.

Snella

Read Full Post »

Ei flott dame har fylt 60. Fordi ho er ein frosenpinne, var det ingen tvil om at ho måtte få eit sjal, men kva kunne bli fint nok?

Jubilantsjal i Isager Alpaca og KidSilk

Svaret kom til meg i Berlin for to helger sidan. Inspirasjonen dukka opp på yndlingsgarnbutikken (sjå tips under) der eit nydeleg sjal var drapert rundt ei dukke. Det måtte bli sjalet med det pragmatiske namnet «Dreieckstuch mit Rüschenrand»(Trekanttørkle med rysjekant). Garnet er det luksuriøse Isager Alpaca 1 og ITO Sensai. Eg bestemte meg for å byte ut ITO Sensai med KidSilk frå garnlageret *flink jente*. Grålilla passar til jubilanten, så det var farge 47 som fekk bli med meg heim. Når ein kjøper garn til modellane i butikken, får ein mønsteret med.

Detalj frå halstørkle i Isager Aplaca og KidSilk

Detalj frå halstørkle i Isager Aplaca og KidSilk

Svart KidSilk passa godt til grålilla, og eg la opp på pinne 4 og følgde mønsteret til KidSilken var tom. Då var sjalet passe stort som halstørkle og skikkeleg tjukt og luftig – litt av den same effekten som ein får av patentstrikk. Isager Alpaca 1 har 400 m på 50 g, så det var rikeleg garn å strikke rysjekanten med. Aleine på pinne 4 ga garnet ein fin blondeeffekt.

Litt knapt med tid vart det, så dei siste maskene måtte fellast av i lunsjen. Strikketøy er tydelegvis ikkje eit vanleg syn i kantina, men eg fekk mange smil. Kanskje eg skal gjere det til ein vane å strikke i kantina. Ikkje fekk eg blokka eller dampa sjalet heller. Det er då forkasteleg at ikkje ein arbeidsplass skal ha eit dampstrykejern til disposisjon for desperate medarbeidarar som ikkje har fått strikka ferdig gåva si heime! Heldigvis er ikkje dette ein modell der det absolutt må til.

Men korleis skulle eg få tatt bilete? Eg prøvde litt forskjellig, men måtte til slutt snike meg ut i dagen. Skulle du hamne i same situasjon, har du her nokre tips til kva du kan spare deg for å prøve:

Refuserte bilete

Refuserte bilete

Øvst frå venstre: Trappeoppgangen, kontorstolen, møtreromsbordet og kontordøra.

Idé

Berlintips: Garnbutikken Handmade Berlin finn du på Monbijouplatz like ved Hackerscher Markt. Det er kombinert garnbutikk og kafé, så du kan sitte der lenge og kose deg med mønsterbøker og oppskriftshefte og slå av ein prat med dei kjekke damene som jobbar der. Legg også merke til den makelause logoen deira når du er der! Det er ei heklenål med eit garnnøste på, utforma slik at det liknar til forveksling på det verdsberømte tv-tårnet som du kikkar rett opp på om du sit ute. I slutten av april skal Nøstet, ei strikkeveninne til og eg til Berlin, og då er planen å fråtse i spennande japansk ITO-garn frå Handmade Berlin.

Handmade Berlin

Snella

Read Full Post »

I Berlin bur det ei flott dame bak døra ved sidan av vår. Ho er kjapp i replikken og kan fortelje dei utrulegaste historier om livet i denne hardt prøvde byen gjennom den vanskeleg mellomkrigstida og krigen, om livet i ein delt by og korleis alt trass alt var betre før.

Førre veke fylte ho 87 år, og på veg til ho i posten er eit mjukt og godt sjal.

Eg fann eit nøste naturkvit Sisu i garnkassa og funderte litt på kva eg kunne gjere med det. Då det dukka opp eit nøste lilla KidSilk, kjøpt på sal utan mål og meining, fann eg ut at eg ville strikke opp Sisu-nøstet og så spe på med ein luftig kant i KidSilk. Utgangspunktet er dette mønsteret frå Garnstudio.

På pinne nr 3,5 tok Sisu-nøstet slutt då det var 202 masker på pinnen. Då skifta eg til KidSilk og tok til på kanten. Kanten krev at masketalet kan delast på 21, så eg auka 8 masker og strikka kantmønsterrapporten tre gongar.

No håpar eg naboen blir glad for sjalet og ikkje opprørt fordi eg har brukt tid på å lage gåve til ho. Enten får eg eit stort smil eller så får eg så øyra flagrar når vi møtest att i desember.

Snella

Read Full Post »

Snella oppgraderer! I sommar viste Tchibo meg at ein ikkje kan leve utan ei samanleggbar strikkekorg. No blir det stil over hytteturane!

Fine, fine Tchibo! Opprinneleg ein kaffikjede, no også sterkt vanedannande butikk med nytt tema og nye produkt kvar einaste veke – «Jede Woche eine neue Welt» er mottoet.

Ufrelste kan plasserast trygt på ein kafestol med ein nydeleg kopp kaffi medan vi som har skjønt det, sig sakte forbi dei freistande hyllene med alt frå strandkjolar, søte klesklyper, baderomsting, interiørbøker, lyslykter, sokkar og altså små strikkekorger. 2000 produkt utviklar Tchibo i året. Butikkane finn du over heile Tyskland – og utvalde produkt i eigne tchibohyller i større matbutikkar.

Berlintips: I Kantstrasse i Berlin (parallellgate til Ku’Damm) ligg eit utsal med eldre produkt og lågare prisar.

.

Prosjektet i korga? Det er den «pippimønstra» strikkejakka «Catherine» frå Garnstudio. Tenkt til gufsne haustkveldar om den blir ferdig. Det er jo så mange andre prosjekt som òg må sluttførast.

Snella

Ps: Catherine blei ferdig!

Read Full Post »

Schultüte eller Zuckertüte (direkte omsett: skulepose) er eit stort kremmarhus (kjegle) fylt med leikar, skulesaker og kanskje litt snop som nybakte elevar i Tyskland og Austerrike får første skuledag. Kremmarhuset skal gjere den spennande og kanskje litt skumle første skuledagen litt lettare. Tradisjonen begynte i Thüringen tidleg på 1800-talet og spreidde seg raskt.

Dette er ein koseleg tradisjon, synest eg, så alle førsteklassingar eg kjenner får schultüte. Mange lagar sjølve, og det finst handarbeidsbøker og eigne kurs. Så langt må eg innrømme at eg har kjøpt dei ferdig, men det er lett å bli inspirert av alle dei flotte, heimelaga schültütene rundtom på tyske bloggar, gjerne med matchande kjole som her:

Det finst mange gjer-det-sjølv-sider på nettet, mellom anna denne.

I år kjenner eg tre yndige små som skal begynne på skulen – og ei litt større som skal begynne på lærarskulen. Ho får sjølvsagt den vesle vampyren og litt vaksnare innhald: miniflaske Rotkäppchen, handkrem og smykke i tillegg til pennar og viskelær osv.

Årets schultüter frå snelleheimen:

Og med det ønskjer eg alle nye elevar – uansett nivå – lukke til!

Oppdatering mai 2014: Og no vil visst norske bokhandlarar innføre tradisjonen til Noreg. Skoletut, kallar dei det.

Snella

Read Full Post »

Über allen Gipfeln
ist Ruh
in allen Wipfeln
spührest Du
kaum einen Hauch
die Vögelein schweigen im Walde
warte nur balde
ruhest Du auch

Goethes uendeleg vakre dikt Ein Gleiches (Wanderers Nachtlied II) kan brukast til meditasjon. Sjølv ikkje tysk grunnfag med gjennomanalysering klarte å knekke gleda mi ved dette diktet.

Det finst mange omsetjingar til norsk, men aller vakrast er gjendiktinga til den eineståande Hartvig Kiran:

Over alle tindar
er ro
Og alle vindar høyrest no
knapt som eit sòg
Småfuglen blundar så varleg
Vente no! Snarleg
kviler du òg

Eg har planlagt å måle Ein Gleiches på kjøkenveggen i Berlin ­– med illustrasjonar. Eg begynte med illustrasjonane. Så langt har eg komme til tindane det ligg ro over:

Og den tagnande/blundande småfuglen:

Det kan hende prosjektet ikkje blir fullført på lang tid, for jammen har det ikkje snike seg inn ei preposisjonsrekke på kjøkenveggen:

Snella

Read Full Post »

Endeleg framme i Berlin med beina på balkongkanten og Rotkäppchen – boblene frå flaska med den raude hetta – i glaset. Ein herleg tradisjon!

Musserande vin laga i Tyskland, heiter «sekt». Av tyske vener har vi lært at første kvelden ein har gjester, serverer ein eit glas sekt til velkomst – «zum Grüssen». Og det MÅ vere sekt av typen Rotkäppchen.

Rotkäppchen har lange tradisjonar og er både eit kultfenomen og ein daglegsekt. I DDR-tida var Rotkäppchen marknadsleiar og den einaste sektprodusenten i landet. Det er også eit av få austtyske selskap som gjorde det bra etter gjenforeininga. Rotkäppchen klarte å etablere seg på den fellestyske marknaden og har kjøpt opp ei rekke andre sektprodusentar slik at det i dag er blitt den største produsenten i Tyskland og den nest største i verda (etter Frexinet). Det kjem stadig nye variantar og smakar. Også dei alkoholfrie variantane er gode!

Heilt i starten, frå etableringa i 1856, heitte sekten «Monopol», men dette namnet mista dei retten til å bruke. Den raude foliekapselen dei alltid hadde brukt, ga namn til det nye merket, Rotkäppchen (Raudhette), i 1895.

Tips: Er du på biltur i området, er det veldig hyggeleg å besøke produsenten i Freyburg og få ei omvisning og smaksprøvar. Produksjonslokala er staselege, og suvenirbutikken søt. Eg har sjølvsagt glas både heime og i Berlin, nøkkelringar eg brukar som smågåver til nyfrelste rotkäppchenvener, og gamle reklameplakatar i nyopptrykk.

Denne elegante dama med raud hatt smiler til oss frå veggen i Berlin:

Gamal reklameplakat for Rotkäppchen-sekt– Snella –

Read Full Post »

Ein artig observasjon i Sommaroslo: Med barnevogn med staseleg vognteppe, søt sommarkjole og hatt blir ein brått ei slik som pene, velkledde damer og distingverte herrar spør om vegen.

Det nydelege, kvite vognteppet hekla mormor til meg då eg var baby. Ho fôra det så det vart godt og varmt. Seinare måtte ho skøyte på det på begge sider så det vart stort nok til tvillingvogn. Dei nye radene er ikkje fôra, og teppet kan derfor fint brukast til vanleg vogn.

Finn blispurtomvegenstilen med denne skjønne raude sommarkjolen frå Mette Møller, klokkehatt frå Seeberger (sjå tips) ballerinasko frå Riccardo Cartillone (sjå tips) – og når ein først drøymer, kan ein jo like gjerne ha ei siklelekker Mulberry-veske.

Berlintips: Seeberger-hattar får du kjøpt mange stadar. Er du på Ku’damm finn du dei mellom anna på KaDeWe og Peek & Cloppenburg. KaDeWe har størst utval, men det kan løne seg å sjekke om dei har hatten din på Peek & Cloppenburg, som ligg rett ved sidan av. Hattane er billigare der.

Berlintips: Riccardo Cartillone har mange filialar i Berlin. Eg går alltid på utsalet på Savignyplatz. Der har eg funne både brudesko, støvlettar og verdas beste pensko til ein brøkdel av prisen.

.

Nøstet hadde eit fargerikt vognteppe etter same mønster. Altså hadde nok mønsteret stått i eit blad sånn midt i 70-åra ein gong. Og ganske riktig: Då Nøstet grov i tølene til mora, fann ho jammen eit utklipp med mønsteret til teppet:

Mønster til vognteppet og Nøstets vognteppe i glade fargar

Snella

Read Full Post »

På jentetur til Berlin er det obligatorisk å stikke innom Ideenwelt-filialen til KaDeWe i Passauerstrasse. Her har både eg og veninner funne garn og tekstilar, maling og lerret, papir og dilldall til bryllaups- og dåpsinvitasjonar og borddekorasjonar, idébøker og inspirasjon i massevis.

På ein tur i fjor handla ei veninne alle nøsta med deilig og varm, lysebrun økologisk ull til slumreteppe. Neste gong eg var der, tok eg med meg nokre nøste i avstemte fargar for å overraske med ei matchande sofapute til jul.

Økologisk ullgarn i naturfargar

Strikka hjarteputeStrikka hjartepute (bakside)

Putetrekket er strikka i rettstrikk fram og tilbake i mørkebrunt, med striper av beige på baksida. Strikka hjarte finst det mange oppskrifter på, men eg ville ha eit litt meir avlangt og lett vindskeivt hjarte i glattstrikk.

Ca. sånn kan du gå fram:

Legg opp tre masker med kvitt garn, strikk glattstrikk og auk 1 m på annankvar rettpinne til du har 19 m på pinnen. På vrangpinnen tilbake strikkar du 11 m, løftar den 10. m over den 11. og strikkar ut pinnen.

Høgre side: Strikk 1 m, så 2 m sm i bakre del av maskene og strikk ut pinnen. Strikk ein omg. vrangt. På neste pinne, strikk dei to nest siste m på omgangen saman. Fortsett slik til du har tre m att. Strikk 2 m saman og trekk tråden gjennom dei siste maskene.

Venstre side: Strikk som høgre side, men begynn med å felle dei to nest siste m på omgangen.

Strekk hjartet i fasong og sy fast på framsida med naive, beige sting.

Denne puta vart veldig populær, og derfor har eg strikka fleire sofaputer i veninnegåver. Denne er i naturkvit Nepal, og denne er heilt lik, men i beige/sandfarga/lysebrun Nepal.

Snella

Read Full Post »

Older Posts »