Vi er klare for innrykk! Ytterdøra er blitt småskummel, og ekle hender av matgodkjende gummihanskar fulle av snop ligg og ventar. Vi kjem vel alltid til å ønske at det heller kom julebukkar, men vi seier: Velkomne, godteskrømt!
Dei hekla skallane er eit sjal av restegarn frå lageret. Artig prosjekt, men lett å gjere feil! Eg auka litt meir enn oppskrifta sa, for at sjalet skulle bli breiare og ikkje gå så langt ned på ryggen.
Heklefakta Mønster Lost Souls Skull Shawl by Maryetta Roy (gratis på Ravelry) Heklenål 3,5 Garn uidentifisert raudt restegarn i ull
–Snella–
[…] Vi dekorerer alltid døra til Halloween, og no vart eg inspirert til eit artig prosjekt saman med ungane av ei påskedør på The chic site. Thanks for sharing! […]