Som lita hadde eg ein raud matroskjole, og Nøstet hadde ein kvit. Eg kan hugse at eg kjente meg så fin i den kjolen. Derfor var det soleklart at Fikslein måtte få matrosdress til 17. mai og dåpen. Eg valte det fine mønsteret til Dale. Buksa har eg strikka utan dei kvite stripene og med vrangbord nederst slik at pjokken kan bruke den litt lenger og i andre samanhengar.
Eg fann fine knappar med anker på på Bentes boutique på Sagene – ein spesielt fin detalj sidan det i tillegg til det maritime symboliserer håp. Dåpen har, som kjent, temaet «tru, håp og kjærleik»!
Min vesle matros har dessutan fått ekte marineuniformstjerner på kragen. Eg trur kanskje ikkje desse blir brukte lenger, for dei er å få kjøpt på den koselege museumsbutikken på Karljohansvern i Horten.
–Snella–
Hei vi fallt for den vakkre matrosdressen.
Hvor får vi skaffet mønster?
Hei! Ja, denne dressen blir eit arvestykke. 🙂 Mønsteret er frå Dale garn.
Snella
[…] Dåpsbarnet hadde fått ein brodert, bunadsinspirert dåpskjole til seremonien, og den fekk henge framme i lokalet til pynt. På festen hadde han på seg den fine nye matrosdressen med anker og stjerner. […]
Så søtt! Eller kjekk er vel riktigere. 😉
Takk! Vi får håpe det ikkje blir for varmt for den vesle matrosen i dåpen på søndag. 🙂