Fikslein hadde sin første bursdag her om dagen, og tante Nøstet hadde sjølvsagt heimelaga presang klar. Tidligare i år kom eg over den fantastiske bloggen Repeatcrafterme som har masse flotte hekleoppskrifter. Når eg såg uglene var det ingen veg tilbake. Desse måtte eg berre lage noko med.
Ein liten tass kan vel aldri få nok tepper å tulle seg inn i? Eit i vogna, eit i senga, eit i bilen, eit på golvet og eit koseteppe i sofaen og så må ein vel ha nokon til når dei er til vask. Så teppe måtte det bli! Eg har arva ein del Juvel, og der var det nok av kvar farge til at det kunne bli ei heilhet i teppet. Sidan det var uglene som skulle vere hovudtema var det viktig at det ikkje blei for mange fargar involvert.
Etter litt prøving og feiling kom eg fram til ei fordeling av uglelappar som eg synes var passeleg. Då er det berre å hekle lappane som skal vere innimellom, og sy saman heile greia. Og ja, husk å feste alle trådender. Det blei det jo ein del av. Men det var vel verdt det når eg såg resultatet.
Så får eg håpe eg kan få kose meg under teppet med Fikslein neste gong eg kjem på besøk.
– Nøstet –
[…] har fått ei nydeleg uglepute frå Snella og eg har strikka uglevotter til Strikkeveninna og hekla ugleteppe til Fikslein. Denne ugla blei òg gåve til Strikkeveninna, og derfor fekk den grøne sting på […]
[…] 3. ugleteppet […]
[…] ugler, ugler. Eg blir visst aldri lei! Ei gåve til den alle beste veninna måtte derfor bli ei heilt spesiell […]
Så utrolig koselig ugleteppe! 🙂
Tusen takk! Det var kjempekjekt å lage. Og ugler blir alltid så artige. Desse kan brukast på mange andre prosjekt òg.
Helsing Nøstet.