Vi har vel alle ei favorittoppskrift vi kjem tilbake til igjen og igjen? Strikkeoppskrifta i mitt hjarte står i Babyhefte 1506 S frå Sandnes uldvarefabrikk — utgitt seint i 70-åra ein gong. I det smålåtne heftet har eg funne dei perfekte babysokkane: skjønne, lettstrikka og med god passform.
*
Babysokkar får ein jo aldri nok av, og alle eg kjenner, får desse sokkane til småttisane sine. Sokken på biletet over er i Sandnes babyull i fargane elefantgrå og naturkvit. Sokken (og ein forsøksvis identisk andresokk) ligg akkurat no i ein konvolutt på veg til ein kollega.
Sokkane ser slik ut i originalversjon, og er strikka i den gamle garntypen Mam’sell frå den tida vi ikkje hadde noko imot 100 % akryl i babysetta:
*
Eg har faktisk aldri strikka noko anna enn sokkane frå dette heftet, men det er det nok på tide å gjere noko med, for settet er fortryllande. Og vintagestrikk er jo i vinden.
Sjå berre på denne kjekkasen i tøff jakke og bukse i tidsriktige fargar:
*
Eller denne frøkna, politisk korrekt i lyseblått sett:
–Snella–
Hei.Kan dere dele mønstret på det settet i rosa og lilla? Strikket det på 70 tallet og har veldig lyst å strikke det igjen 🙂 Hilsen Ellen
Hei! Kan du sende e-postadressa di til snellaognostet@gmail.com?
Så fint at vi kunne hjelpe. 😊 No har eg fått strikka litt fleire ting frå heftet, og alt er blitt veldig godt mottatt.
Som jeg har lett etter det lyseblå settet til jentungen! Jeg strikket det til en niese for 30 år siden, og ettersom familien vokser til har jeg ønsket å strikke på nytt. Hurra! 🙂
[…] er gåva til dei to siste tullene klare, sokkar i lilla, kvitt og ymse gråfargar. Mønsteret er det same som eg alltid brukar, garnet er babyull frå Gjesdal, og pinnane heiter […]
skikkelig flotte gamle skatter! kjekt med retro 🙂
Ja, veldig gøy med sånne gamle oppskrifter!