I påska i fjor hadde eg gløymd å ta med meg strikketøy til Berlin. Dermed plukka eg opp nokre nøste fleirfarga Regia-garn i blått, grått, brunt og kvitt og eitt einsfarga nøste i mørkegrått og ga meg i kast med eit deilig og mjukt babyteppe. Teppet er strikka fram og tilbake i glattstrikk. Kvar 10. cm strikka eg to masker saman og auka ei maske med ca. 15 maskers mellomrom for å få litt bølgeeffekt. Med litt godvilje minner teppet om havet.
Teppet fekk ein strikka blondekant:
Mønsteret til kantblonda har eg frå eit vekebladutklipp, så eg veit dessverre ikkje kven som skal krediterast.
Vil du strikke kant til eit babyteppe, er dette ei fin oppskrift:
Legg opp 6 m og strikk rapportar slik:
- 1 m laus av, 1 r, k, 2 r sm, k, 2 r
- k, 2 r sm, 5 r
- 1 m laus av, 2 r, k, 2 r sm, k, 2 r
- k, 2 r sm, 6 r
- 1 m laus av, 3 r, k, 2 r sm, k, 2 r
- k, 2 r sm, 7 r
- 1 m laus av, 4 r, k, 2 r sm, k, 2 r
- k, 2 r sm, 8 r
- 1 m laus av, 5 r (k, 2 r sm) 2 ggr
- k, 2 r sm, set den siste m som blei str over på venstre p, løft dei neste tre m over, set gjenståande m på høgre pinne over på venstre p, str 2 m sm, 5 r
Gjenta alle radene til blonda er lang nok og sy fast rundt teppet. Teppet må blokkast for at blonda skal komme skikkeleg til sin rett.
– Snella –
[…] du meir teppeinspirasjon, kan du kikke på havskumteppet til kusina, teppet med havmønster og strikka blondekant, dei flotte vognteppa (strikka og hekla i oldemorsruter), babyteppet i bomull, og bamseteppa med […]