Denne toppen fall eg for fordi den kunne vore henta frå garderoben til Miss Lemon — Poirot sin eineståande sekretær. Ei sjølvstendig moderne kvinne i 30-åras England med ein makelaus art deco-garderobe.
Den karakteristiske Miss Lemon-frisyren? Håret mitt er kanskje ikkje like ordentleg og chick, men sånne krøllar i panna har eg heilt naturleg no når håret mitt er i ferd med å komme tilbake etter svangerskap og amming.
Oppskrifta er henta frå Garnstudio, og garnet er vinraud Drops Alpaca.
Med svart blyantskjørt og Mary Jane-sko til, ei nett kåpe og ullhatten kokett på snei trippar eg ut i hausten.
–Snella–
[…] vil gjerne skrive historiene og spinne draumar til bøkene “Strikk art deco” (kanskje Miss Lemon-toppen min kan vere med?) og “Downton Abbey – ladystrikk”. I den siste kan dei fine hekla […]