Gubban, så mange kompliment har eg aldri fått for eit strikkeplagg før. På kontoret, i barnehagen, på bussen og på gata har folk kommentert denne vedunderlege toppen i spennande strukturgarn og med hekla detaljar. Sånn flaks at det har vore ein varm september så eg rakk å få toppen ferdig og bruke han før haustmørkret senkar seg!
Strikkefakta:Mønster: Onion design, funne i Hjemmet nr. 27/16 Garn: Onion, Alp Natural, farge nr. 176 (lys rosa) og Drops Cotton Viscose nr. 19 (mørk grå) Pinnar: Rundpinne nr. 6 og heklenål nr. 4
Onion var eit nytt bekjentskap for meg. Eit raskt søk på nett viste at det var å finne på Ulla garn og broderi i Drammen. Sjølvsagt! Lommeboka hylte i protest i det eg trakka over dørgotta til dette paradiset, men måtte innrette seg. Av alle dei nydelege fargane, var det lyserosa som fekk vere med meg heim.
Eg var litt skuffa over at det var to ulike garntypar som var knytta saman, men eg lét knutane vere og passa på å få dei på innsida av bolen. Det funka greitt.
Til dei hekla kantane ville eg bruke garn frå lageret. Eg var litt usikker på kva uttrykk eg ville ha på toppen, men landa til slutt på mørkegrå cotton viscose så toppen ikkje skulle bli for sukkersøt. Eg la inn ein omgang grått før siste omgang rosa for å gjere overgangen mellom fargane litt mjukare.
Etter mønsteret skal det vere eit strikka belte i same garn som heklakanten. Eg brukar eit tynt hyssingbelte i staden.
–Snella–
Legg att eit svar