Mmmm, Chickadee er garnet sitt, altså. Hespene eg plukka opp på strikkefestivalen i Bergen, er som sukkertøy i fargane og glir så fint, så fint på pinnane. Kaisavottane var det perfekte møsteret – enkle og artige å strikke, men med imponerande flott effekt.
Strikkefakta
Mønster: Kaisavottar, funne hos Kredito (gratis – tusen takk!). Garn: Chickadee frå Quince&co. Pinnar: 3 og 3,5.
På strikkefestivalen vart garnet behørig foreviga på fotoworkshop med Kristin Frøsland:
–Snella-
Så utrulig fine vottar, slikt som ser morosamt ut å strikke på og.
Var sikkert veldig bra på strikkefestival, håpar eg og får reise på det i løpet av året. 🙂 Ha ein fin dag!
Takk for det! Ingenting er betre enn prosjekt som eigentleg er enkle, men ser kompliserte og imponerande ut. 😬