Her om dagen kom det til verda ein aldeles nydeleg liten kar. På førehand hadde eg utnevnt meg sjølv til strikketante, sjølv om hovudpersonen allereie har fleire kjekke tanter. Eg spurte fint om eg kunne få æra av å strikke hentesett, og det fekk eg lov til. Nettet og alle strikkehefta blei tråla etter det perfekte settet. Det fann eg i Sandnes sitt hefte 0912 som har modellar både til baby, barn og voksen. Dama på strikkebutikken har alltid gode tips, og kunne anbefale Rauma sitt babygarn. Eit nytt bekjentskap for meg, men det kan bli ein god ven framover. Deilig, mjukt garn og eit flott fargeutval. Og det var nettopp fargane som var avgjerande. Blått er absolutt ikkje min favorittfarge, men denne var nydelig. I kombinasjon med grått kom fargen enda meir fram.
Eit hentesett må sjølvsagt ha sokkar og hue, så der brukte eg mine favorittoppskrifter. Fabelsokkoppskrift fra garnstudio og Gro’s djevelhue. Den første hua eg strikka blei vel stor, så då blei det ei ekstra til settet. Settet er allereie tatt i bruk, og kan nok brukast ei stund. Rart korleis ein alltid greier å gløyme kor små slike skjønningar kan vere.
– Nøstet –
[…] veldig godt garn å strikke med. I tillegg held plagga seg kjempebra. Dette garnet har eg strikka hentesett i og Snella har strikka […]
[…] Sparkebuksa i hentesettet frå Nøstet er no brukt til tre gutar. Den er like fin, og ekstremt velbrukt. Dette er det beste plagget vi har hatt, og ei sånn bukse blir dermed obligatorisk gåve til alle nyfødde! Første baby får eplegrøn bukse. […]
[…] på snora har det fine hentesettet Fikslein fekk av tante Nøstet. Det brukte vi mykje, og spesielt buksa var heilt fantastisk. Og […]
Kjempe fint sett! Likte veldig godt de fargene sammen! 🙂
Tusen takk! Både eg og Snella har vore innom den flotte bloggen dykkar, men vi får ikkje til å kommentere. Vi blir «kasta ut» før vi skal skrive inn kode. De lagar mykje fint og eg ser vi har samme smak. Kjem nok innom Strikkly speaking jevnleg for inspirasjon!
Så koselig! Det var rart at dere blir kasta ut? Jeg er nokså ny i bloggverden så aner ikke hva som kan forårsake det! Skal se om jeg kan spore opp et svar! 🙂
Utrolig fint hentesett. Heldig som har fått deg som strikketante 🙂
Takk! Når ein har muligheten til å strikke nydelege små plagg og veit at det blir satt stor pris på, er det rett og slett ingenting som er kjekkare :).