17. mai. Ein liten tass med ein gong ei så fin og kvit skjorte, skeiv halsknapp og is over heile fjeset. Gode vener til frukost. Ein flott dag!
*
Vi serverer alltid mimosa på 17. mai-frukostane våre, og i år vart velkomstdrinken alkoholfri. Fyll ganske enkelt ein karaffel 40 % med appelsinjus og 60 % med sekt/sjampanje/cava/crémant / musserande vin av det slaget du måtte ønske, med eller utan alkohol. Det fungerer alltid. Eit anna alternativ til alkoholfri velkomstdrink er den vi serverte i dåpen i fjor.
Her er eit par glimt til frå vår nasjonaldagsfeiring 2013. Eg håpar alle har hatt ein fin, isfull og pølsesam dag!
*
– Snella –
Hvor fikk du tak i puten i flagg mønster
Den er frå Hansen og Dysvik. 😊
[…] Mimosa Prinsessebrus Kvit gløgg […]
[…] Og så var det fest med 32 gjester i vårt vesle hus. Først fekk gjestene ein varm alkoholfri velkomstdrink, eplegløgg, så dei fekk varmen igjen. Eg kokte råsaft av eple i haust, men det går fint an å bruke vanleg eplejus. No varma eg safta opp med fersk ingefær, vaniljestang, kanel, sitronskiver, nellik og litt honning. Du finn andre oppskrifter på kvit gløgg her, og to gode kalde alkoholfrie velkomstdrinkar her (prinsessebrus) og her (mimosa). […]
[…] Her kan du lese innlegg om dåpsfesten, den løkfrie festbuffeen, den alkoholfrie velkomstdrinken og ein annan alkoholfri velkomstdrink. […]
[…] Eit anna alternativ er alkoholfri mimosa. […]