Snella oppgraderer! I sommar viste Tchibo meg at ein ikkje kan leve utan ei samanleggbar strikkekorg. No blir det stil over hytteturane!
Fine, fine Tchibo! Opprinneleg ein kaffikjede, no også sterkt vanedannande butikk med nytt tema og nye produkt kvar einaste veke – «Jede Woche eine neue Welt» er mottoet.
Ufrelste kan plasserast trygt på ein kafestol med ein nydeleg kopp kaffi medan vi som har skjønt det, sig sakte forbi dei freistande hyllene med alt frå strandkjolar, søte klesklyper, baderomsting, interiørbøker, lyslykter, sokkar og altså små strikkekorger. 2000 produkt utviklar Tchibo i året. Butikkane finn du over heile Tyskland – og utvalde produkt i eigne tchibohyller i større matbutikkar.
Berlintips: I Kantstrasse i Berlin (parallellgate til Ku’Damm) ligg eit utsal med eldre produkt og lågare prisar.
.
Prosjektet i korga? Det er den «pippimønstra» strikkejakka «Catherine» frå Garnstudio. Tenkt til gufsne haustkveldar om den blir ferdig. Det er jo så mange andre prosjekt som òg må sluttførast.
–Snella–
[…] Snella strikka sitteunderlag, og elles i veska var det blant anna ein flott krus, deilig te, duftlys, sjokolade, Rotkäppchen og ei sammenleggbar reisestrikkekorg. […]
[…] tok både sommar og haust å få jakka ferdig – eg introduserte den jo på bloggen alt i sommar. Men eg har hatt jakka på kvar einaste dag sidan ho vart ferdig. Den er berre fantastisk skjønn […]
[…] i PowerPoint og lagra som bilete. Deretter har eg skrive biletet ut på spesialpapir kjøpt på Tchibo og stroke det på […]
[…] På jentekveld kan kjolen stylast slik: Uglesmykke (ugler er jo så i vinden for tida), stripete trøye frå Marc O’Polo, knestrømpar i ull og kasjmir frå Falke og ei stor veske med Unikko-blomster frå Marimekko til vinflaska og reisestrikkekorga. […]
Ja, Tchibo er butikken sin! Ein treng slett ikkje vere medlem. Det er berre å spasere rett inn og kose seg. Det ligg ein stor og nyoppussa Tchibo med kafé i Europasenteret. Elles kan du boltre deg i Tchibo-hyllene på velassorterte Kaisers og Edeka-butikkar (og kanskje fleire).
Sammenleggbar strikkekurv, er det sant?? Må ha! Har alltid trodd at Tchibo var en sånn butikk hvor man måtte være medlem for å handle. Men det er kanskje ikke det?