Både Cysta og eg er uhyre glade i sjiraffar, og etter at Fikslein fekk ein flott tildasjiraff til dåpen, bestilte eg sykurs hos Nøstet så Cysta kunne få ein sjiraff à la Tilda til jul.
Eg ville gjerne hylle mi alltid elegante søster med ein sjiraffversjon av ho sjølv. Sjiraffen har derfor fått lekker, glinsande cocktailkjole med paljettar og matchande øyrer (!), paljetthalsband, perleøyrepynt og boa. Boaen er strikka i pjuskegarn på same måten som dei runde banda på islandsvesten. Det var ikkje så lett å lage sko til denne sjiraffen, iallfall ikkje om dei skal rettferdiggjere den rikhaldige og snedne skosamlinga til Cysta.
Eg konkluderer med at sykurset var vellukka. Sjiraffen har fått namnet Viktualia Sjøgren og trivst godt i sin nye heim.
–Snella–
[…] Strikkefakta Mønster: Arne og Carlos-fugl, funne i Allers sitt julemagasin. Pinne: 3 Garn: Ymse restegarn, mellom anna sjokkrosa Dale Påfugl og Bling paljettgarn. Det lilla håret vart sist sett i boaen til frøken Viktualia Sjøgren. […]
[…] har det blitt fleire av. Treng du meir sjiraffinspirasjon har eg laga ein frøkensjiraff og Snella frøken Viktualia […]
[…] på syrommet sitt. Ut på hausten ifjor hadde eg og Snella ein liten sjiraffverkstad der ho laga Viktualia til Cysta og eg denne frøkna til […]