Heilt sidan eg laga denne skjønne sjiraffen i dåpsgåve til Fikslein har Strikkeveninna snakka om at ein sånn skulle ho hatt på syrommet sitt. Ut på hausten ifjor hadde eg og Snella ein liten sjiraffverkstad der ho laga Viktualia til Cysta og eg denne frøkna til Strikkeveninna.
Eg storkosa meg med fargerike stoff og perler. Det er klart at ei så flott frøken må ha både smykke og armband. Endeleg fekk eg brukt litt pompom-band som eg hamstra på Panduro ein gong, og det prikkete stoffet har òg vore i lageret ei god stund. Tilslutt fann eg ut at frøkna måtte ha veske. Veska blei til av restegarn og innfallsmetoden.
No fekk eg lyst på ei sjiraffrøken sjølv!
– Nøstet –
[…] eg har laga, men sjiraffar har det blitt fleire av. Treng du meir sjiraffinspirasjon har eg laga ein frøkensjiraff og Snella frøken Viktualia […]
Så fin!!! helt nydelig!!!
Tusen takk! Mykje arbeid, men vel verdt det når sjiraffen tilslutt får auger og personlighet. Eg kjem nok til å lage fleire sjiraffar og andre Tildafigurar.
Helsing Nøstet.